Vilkår for

Stene Matglede Catering


Bestilling:

Det anbefalast å vere ute i god tid med førespurnad og bestilling. Endeleg antal og detaljer kan avtalast nærmare.

Endeleg antal porsjonar må vere satt seinast 14 dagar før oppdragsdato. Eventuell auking av antal etter denne fristen kan vere mogleg, men detaljane rundt dette må avtalast direkte med Stene Matglede så fort som mogleg.  Dette fordi det skal vere tid til å bestille varer og ev. kalle inn hjelparar dersom det er naudsynt med meir kapasitet, samt for å unngå matsvinn.

Ved større oppdrag med selskapsmenyar og mat til fleire enn 40 personar, må fristar for endring avtalast direkte med Stene Matglede (typisk ved bryllaup, konfirmasjonar o.l. der ein har fleirretters menyar eller buffet), og det vil vere aktuelt å inngå en formell avtale med depositum.

Avbestilling:

Antall porsjonar kan endrast seinast 14 dagar før arrangementsdato. Dersom arrangementet blir avlyst seinare enn 14 dagar før, må kunden betale for råvarer som allereie er kjøpt inn, samt 10% av den avtalte prisen for heile oppdraget. Desse råvarene kan kunden få hente og nytte seg av sjølve om ønskeleg.

Timebaserte oppdrag belastes tilsvarende 4 timer dersom oppdraget vert avlyst etter 14 dagarsfristen.

Ved større oppdrag med selskapsmenyar og mat til fleire enn 40 personar, må fristar for avbestilling avtalast direkte med Stene Matglede (typisk ved bryllaup, konfirmasjonar o.l. der ein har fleirretters menyar eller buffet).

Om uføresedde hendingar oppstår som fører til at Stene Matglede må avlyse eller gjere endringar, vil Stene Matglede gje beskjed så snart som mogleg. I slike tilfelle vil det bli gjeve full refusjon, minus innkjøpte råvarer som kjøpar vil kunne nytte til eigen bruk.

Levering:

Levering av catering som er mogleg med sykkel, kan tilbydast for 300 kr.

Levering av catering ved behov for større kapasitet og/eller rekkevidde må gjerast med delebil/leiebil eller taxi og kunden dekker kostnaden. Transportkostnaden vil bli lagt til faktura.

Gjenbrukbare cateringbeholdere, glas, skåler og isoporkasser må returnerast etter avtale. Ved manglande retur vil det bli lagt til eit gebyr på verdien av gjenstandane.

Dersom ikkje anna er avtalt, vil maten komme kald og enkelte rettar vil krevje oppvarming.

Tilleggstenester:

Stene Matglede kan hjelpe til med å sette opp buffé, varme og legge opp mat, servere etc. mot ein førehandsavtala timepris. Kostnad variera alt etter type oppdrag og avtales saman med meny og detaljer for oppdraget. Suppevarmar, større kjelar og serveringsutstyr kan leigast av Stene Matglede ved behov. Kostnadar i tilknyting til dette avtalast på førehand.


Matkurs:

Påmelding

Påmelding skjer via nettsida til Stene Matglede og kommunikasjon vil i hovudsak videre skje skriftleg på e-post.

Direktelink til påmelding: https://www.stenematglede.com/matkurs

Påmelding er bindande og betalt kursavgift refunderast berre dersom Stene Matglede må avlyse kurset.

Skreddarsydde gruppekurs må avbestillast seinast 14 dagar før eventet om ikkje anna er avtalt i tilbodet.

 

Ansvarsfråskriving

Kursdeltakar deltar på eiget ansvar. Stene Matglede har ikkje noko ansvar for skadar som deltakar måtte pådra seg, eller for uhell som måtte skje i forbindelse med kurs i regi av Stene Matglede. Deltakar oppbevarer klede, verdisaker og liknande på eiget ansvar.

 

Bilete og video av deltakarar

Stene Matglede held på retten til å bruke bilete og videoopptak frå undervisning og turar arrangert av Stene Matglede. Desse kan for eksempel brukast til eigen reklame, annonser og innlegg på sosiale medier og på heimesida. Kursarrangør vil informere om dette på kvart kurs, men kvar deltakar har ansvaret for å gje beskjed dersom dette ikkje er ønskeleg.

 

Force majeure

Er Stene Matglede forhindra frå å utføre ei teneste som følge av arbeidskonflikt, nasjonale smittevernreglar eller alle andre omstende der partane ikkje kan råde over denne, så som brann, krig, naturkatastrofar, eller uforutsette militære innkallingar av tilsvarande omfang, er Stene Matglede fritatt for alt ansvar.


 

Ta kontakt dersom noko er uklart!

Eg gleder meg til å lage mat til ditt arrangement.


Anne Lill Stene

Eigar, kokk og syklist